
Ein sommar i USA med amerikanske studier
Kvart år får engelsklærarar frå heile verda høve til å delta på sommarkurs i USA for å studere Amerika og samtidig skape forståing mellom folk frå ulike kulturar og folk frå USA. Anita Skjæveland frå Stord deltok i programmet i Chicago som bestod av undervisning på universitetsnivå i amerikansk språk, kultur, kunst og musikk, lov og rett, historie og litteratur. I tilknytning til stoffet vart det undervist i metodikk. Det var fire veker ved universitetet i Chicago og to veker på reise i USA.
Inntrykk frå ein ungdomsskulelærar som tok amerikanske studier i sommarferien
Av Anita Skjæveland
Kvart år får engelsklærarar frå heile verda høve til å delta på sommarkurs i USA for å studere Amerika og samtidig skape forståing mellom folk frå ulike kulturar og folk frå USA. Anita Skjæveland frå Stord deltok i programmet i Chicago som bestod av undervisning på universitetsnivå i amerikansk språk, kultur, kunst og musikk, lov og rett, historie og litteratur. I tilknytning til stoffet vart det undervist i metodikk. Det var fire veker ved universitetet i Chicago og to veker på reise i USA.
Fulbright Foundation of Educational Exchange in Norway lyste ut eit stipend for deltakarar til Studies of The United States Summer Institute sommaren 2005. Kravet var å vera engelsklærar i ungdoms-eller vidaregåande skule. Eg underviste mellom anna i engelsk i 8.klasse på Stord ungdomsskule Eg tenkte det kunne vera kjekt å reisa til USA i seks veker og læra meir om kultur, politikk, litteratur og sjølvsagt bli betre i engelsk. Så eg sendte inn ein søknad spm eg fekk positivt svar på. US.Norway-Fulbright Foundation for Educational Exchange, med kontor i Oslo, betalte tur til Oslo for intervju dei ville ha med meg og ein ny tur for å henta visum. Stipendet dekka alle utgifter til reise og opphald, inkludert lommepengar og vart betalt av State Department og Fulbright Foundation.
Student ved University of Illinois at Chicago
17. juni sette eg meg på flyet til København der eg møtte Elsa frå Fredrikstad som var den andre av oss norske som skulle til Chicago. Vi vart studentar ved University of Illinois at Chicago, ein studiestad der om lag halvparten av studentane har eit anna morsmål enn engelsk. Sjølve universitetet vart bygd på 60 talet og plassert som ein buffer mellom den svarte sørsida, Little Italy og down-town Chicago med alle dei arkitektoniske meisterverka. For Chicago er fødebyen til skyskraparen. På universitetsområdet budde vi i Thomas Beckham Hall, som var eit nytt og moderne bygg på fire etasjer med TV-rom, vaskeri og datarom i første etasje og leiligheiter for to eller fire med felles kjøkken og stove i etasjane over. Eg fekk fekk bu i lag med ei lærarinne frå Togo, og Elsa fekk bu i lag med ei frå Kina.
Tretti lærarar frå heile verda fekk undervisning om USA

- Anita Skjæveland og Mr. Manzur Alosaimi fra Saudi-Arabia, deltagere på sommerinstituttet.
Det var rart å bli kjend med folk eg visste ville verta mine medstudentar i dei neste seks vekene. Som meg var dei lærarar der dei kom frå, og no skulle vi sitje på skulebenken i lag.
Tvers over vegen for internatet låg heimebasen som det heiter på skulemålet. Der benka vi oss 30 lærarar frå heile verda. Det var ni menn og resten kvinner, alle mellom tretti og femti år. Vi starta skuledagen klokka ni om morgonen og hadde lunsjpause der ingen hadde niste, men alle gjekk heim eller på restaurant for å eta. Etter lunsj heldt vi på til halv fire og så var det lagt opp til ulike ekskursjonar og byturar i tillegg til dei vi arrangerte sjølve. Vi fekk store mengder litteratur og ein del av den bestemte vi oss for å gøyme til lange vinterkvelder.
Å studera USA i USA gav heilt andre utfordringar enn å lesa om det heime. Vi fekk læra om ein nasjon som skal tryggja minoritetar mot majoriteten, men som gjennom historia så ofte har gitt fordelar til dei kvite mot indianarane og afro-amerikanarane , ja faktisk gjer det i dag. For mange i Noreg gav orkanane som ramma USA eit nytt syn på korleis det er å vere fattig og svart i det sørlege USA. Gjennom studiet fekk vi sjå nærare på lover og muligheiter som berre er for dei rike, som oftast dei kvite. Då Ronald Reagan kom til makta endra den sosiale politikken i USA seg radikalt lærte vi. Ingen ville lengre betala ekstra skatt for betre skule- og helsestell for naboens barn. Dette gjekk hardt utover dei fattigaste av dei fattige.
Vi hadde også undervisning i korleis bilde og fotografi kunne nyttast i undervisninga om demokratisk ideal og vi fekk innblikk i korleis ein brukar litteratur og film for å lære elevane historie og kultur. Vi fekk mange nye nettsider å finne stoff på og tilgang til UIC via nett i eit år. Og førelesarane gav oss ny kunnskap om forfattarar som Mark Twain og filmane om Gudfaren. Eg var imponert over korleis professorane våre tilpassa stoffet til oss som gruppe.
Undervisning utanfor klasserommet
Like viktig som timane var den sosiale samanhengen vi var ein del av, og det sjølvstudiet vi vart sette til utanfor klasserommet. Berre det å vera saman med lærarar frå heile verda gav nye impulsar og nye aspekt ved lærestoffet.
Vi var på omvisning i Chicago og såg korleis ulike sub-kulturar skifta buområde ettersom tida gjekk og dei vart rikare og kunne flytta lenger ut frå sentrum. Slik oppfylte dei den amerikanske draumen om alltid å leva på grensa til det ukjente. Nye folkegrupper kom så inn og tok over deira bustader og miljø og sette sitt eige særpreg på det. Vi var i China-town og Little Italy. Dei sist komne var frå Mexico og mexikansk mat var for tida den mest populære.
Vi fekk oppleva USA gjennom deltaking på felles middagar på restaurantar der eigarane hadde bakgrunn frå ulike kulturar. På dette viset møte vi vår eigen kultur i USA og kunne diskutere korleis det å leve i Amerika gjer noko med folk. Sjølvsagt fekk vi suksesshistoriene, men vi møtte også ein vilje til å hjelpe landsmenn i ein ny og ukjent kultur. Vi var på konsertar med blues og jazz, vi så folkesporten baseball og vi gjekk rundt på ”Taste of Chicago”. Der vart det tilbydd smaksprøver frå dei ulike restaurantane i byen, det var gratis konsertar i parkane og kvelden før 4. juli var det avslutning der fyrverkeriet var som på nyttårsaftan, men det var verken kaldt eller vått. For med temperaturar rundt 30 grader og meir det meste av tida, var det gode sommardagar og vi lærte å setja pris på air-condition.
12 års gratis skulegang- og så må du greie deg sjølv
Eit av emna var sjølvsagt det amerikanske skulesystemet. Sjølv om alle har rett til 12 års skulegang er det framleis ei myte blant mange foreldre at det går an å komma seg fram i det amerikanske samfunnet utan å fullføre skulegangen. Men også her var arbeidsplassane spesialiserte og det var vanskeleg å livnæra seg av småjobbar. Skulen måtte i mange tilfelle hjelpa foreldra å søkja ulike stipend til vidare studiar. Dei fleste foreldre i USA må spara i mange år eller ta opp lån for at ungane skal få vidareutdanning når dei har fylt 18 år.. Dette gjer at klasseskiljet mellom rike og fattige framleis er eit problem i eit land der alle skulle ha like muligheiter. Lærarane fekk ulikt betalt etter kor dei arbeidde og derfor vart det stor utskifting av lærarar i fattige bu-område og mange elevar fekk manglande undervisning.
Denne testinga som mange lærarar her heime er lei av, var enno verre i USA. men testinga førte ikkje til endringar korkje pedagogisk eller økonomisk der heller..
Bush sette i gang kampanjen ”No Child left behind”, som vittige tunger ville ha til å bety at ingen barn skulle leva opp utan å verta testa. Dei nasjonale prøvene viste der som her ei rangering av skular, men dei fleste foreldre ynskte likevel at barna skulle gå på den næraste skulen fordi dei trudde at denne jamt over var betre enn gjennomsnittet. Dette hadde kome fram gjennom spørjeundersøkingar. Dei ulike statane hadde sine eigne testar, men i dei seinare åra hadde styresmaktene gripe inn og sett felles standardar.
Ei reise med buss gjennom dagens USA - med siste stopp i Washington D.C.
Siste delen av kurset var ei reise gjennom det meste av dagens Amerika. Vi hadde vår eigen buss der vi la bak oss mil etter mil. Vi starta i staten Illinois og kjørte til Missouri der vi tilbrakte kvelden på ein elvebåt, langt frå storbylarmen som hadde vore svært intens i Chicago. Deretter var det prærielandskap og Texas-kultur. Vi reiste vestover som dei gamle innvandrarane frå Europa og vi følgde lenge route 66, den legendariske vegen frå Chicago til Los Angelos. I Colorado var vi på fjelltur og ein fredagskveld på rodeo saman med lokalbefolkninga. Vi kjørte lenge gjennom landområde som høyrte til Navajo-indianarane og besøkte Monument Valley på grensa mellom Utah og Arizona. Det er der alle øydemarks-scenene i amerikanske filmar er tekne opp. Sjølvsagt var det berre eit hotell, der John Wayne og dei andre hadde budd før oss. Vi besøkte Grand Canyon og såg korleis Grand Canyon var blitt ”grand”, ein turistmaskin med restaurantar og suvenir-butikkar, men også villmark der folk sette livet til kvart år fordi dei trudde at dei ikkje trengte erfaring og rett utstyr for å overleve i villmarka..

- Las Vegas
Siste buss-stopp var Las Vegas. Der budde vi i ein falsk mellomlalderborg av eit hotell, med heile første etasje som kasino. Slik var det i alle hotella i den såkalla første byen av det tjueførste århundre. Same kor du gjekk vart du følgd av lyden frå speleautomatane. Byen der dei som er på besøk er villige til å late som dei trur det dei ser og opplever. Det er byen for underhaldning og opplevingar, med spegel på veggane, slik at du kan sjå at du sjølv er ein del av moroa. Der er ein i Paris og New York utan å vere der og alt er slik vi ønskjer det skal vere. Byen som i 1999 hadde fleire besøkande enn den heilage byen Mekka. .Det var verkeleg fascinerande.
Siste del av reisa gjekk føre seg med fly frå Las Vegas til hovudstaden Washington D.C. der styresmaktene og presidenten held til. For meg var det spesielt å sjå Vietnam-monumentet, eg som gjekk i klasse med skadde krigsflyktningar frå Vietnam på skulen på Nesodden. Det var nok å sjå både her og under heile reisa, så min kinesiske romkamerat valde å kalle hovudstaden ”take-a-look”byen. Vi avslutta opphaldet med å møte folk frå US Department of State og Fulbright for å evaluere kurset. Siste kvelden var det avskjedsmiddag og tur på byen med nye, gode vener.
Så var det tid for å bryte opp og reise heim med mange nye kollegaer å utveksle idear med oververdsveven. Eg er svært takksam for at eg fekk vera med og vil på det sterkaste anbefale andre engelsklærarar å søkje stipend for å etterutdanne seg på denne måten.
For dei som vil ha hjelp til tema om USA i klasserommet utan å reise til USA først, har Fulbright som vanlig to Roving Scholars, en for ungdomsskolen og en for videregående skole, som reiser rundt i Noreg og tar på seg undervisning på ungdomsskular for elevar og lærarar.
Anita Skjæveland

