SIU

SIU er eit kompetansesenter – eit sørvis- og samarbeidsorgan som skal fremme internasjonalisering, kulturell kommunikasjon og internasjonal mobilitet innan høgre utdanning.

Senter for internasjonalisering av høgare utdanning (SIU) er eit forvaltningsorgan med eige styre, under Kunnskapsdepartementet (KD).

Senteret er nyoppretta frå 1. januar 2004. Det tar opp i seg og byggjer vidare på Universitets- og høgskolerådets Senter for internasjonalt universitetssamarbeid som vart etablert av Det norske universitetsråd, i 1991.

SIU er eit kompetansesenter – eit sørvis- og samarbeidsorgan som skal fremme internasjonalisering, kulturell kommunikasjon og internasjonal mobilitet innan høgre utdanning. Senteret har ei viktig oppgåve i å samordne tiltak på nasjonalt nivå, i samsvar med offisielle retningsliner for politikken på feltet.

SIU er Noregs kontor for internasjonale program og tiltak innanfor høgre utdanning. Vi forvaltar program for fleire offentlege oppdragsgjevarar, samt program mot andre utdanningsnivå enn universitet og høgskule.

SIU har ansvar for å profilere Noreg som utdanningsnasjon og arbeidsland for forskarar, samt drive informasjonsarbeid, rådgjeving og utgreiing.

SIU er finansiert gjennom bidrag frå
- Kunnskapsdepartementet
- Utanriksdepartementet
- Norad
- Nordisk ministerråd
- EU-kommisjonen

SIU held til i Bergen.

www.siu.no